lørdag 5. oktober 2013

Alt du treng vite om dobbeltsnesfesten min

Det var visst på tide å live denne bloggen opp att, slik at eg kan kome med LIVSVIKTIG informasjon til deg som skal på Stongafjellet for første gong!

For det første: Eg er utruleg glad for at akkurat du kan og vil kome på festen min 12. oktober!

For det andre: Eg lever i trua på god, ærleg folkeopplysning. Eg har vore reiseleiar for 90 strilar til EU, og eg veit at djevelen sit i detaljane.

Så lat oss vere detaljerte:
  • Du kan ta bil, buss, taxi eller beina fatt. Ikkje prøv å ta Snarvegen, den går ikkje laurdagar. Synd, men sant. 
  • Bussane går 8 minutt over kvar heile og halve time frå Bystasjonen og stoppar ved TGI Fridays, òg kjend som Hotel Norge. Vi askøyværingar foretrekkjer TGI. 
  • Du kan ta alle Askøy-bussane, med mindre det står "Ekspress til Herdla" på han. Og det er særs lite truleg på ein laurdag. 
  • Du må gå av på det første stoppet etter brua, Storeklubben. Derfrå er det ein liten timinutts spasertur opp bakken, det er berre sunt! Om du har gode skor, kan du ta snarvegen (nei, ikkje båten) gjennom skogholtet på andre sida av vegen for busstoppet. Pass deg for bilane. 
  • Taxiane går heile tida. Adressa er Stongafjellsvegen 152. Det kostar vel ein 300-lapp, cirka, frå byen. Er de ein gjeng, er det jo dritbilleg. 
  • Du kan køyre bil, men då får du kan hende ein kjedelegare kveld. (Ikkje høyr på fornuftsmenneska i dette spørsmålet!) 
  • Viss du køyrer, trur eg det kan vere lurt å finne ein plass langs vegen når du er nesten oppe. Inne i sjølve byggjefeltet er det ikkje akkurat Brasilia-autostrada. 
Så - til tidspunkt: Eg var jo bråkjekk og sa vi starta klokka 14. Sjølv eg skjøner at det er tidleg. Klokka 14 serverer vi vaflar og kransekake og kaffi og slikt for dei av familien som ikkje skal vere så seint oppe. Alle er velkomne, men "ordentleg" fest blir det ikkje før i 20-tida.

Vi serverer lett mat, så ikkje hopp over middagen for vår skuld! Du vil få litt å drikke, men ta gjerne med litt om du er ekstra tørst.

Nokon har spurd meg om gåveliste. Til det er å seie - og det meiner eg - at det at du kjem, er gåve i seg sjølv. Viss du på daud og liv skal tvinge ut av meg ei gåveliste, heng den på Polet. Like over dei franske, tørre kvite og italienske raude.

Eg har i god folkeopplysningstradisjon laga dette informative kartet for å visuelt hjelpe deg på vegen. Viss det er ønske om det, skal eg sjå om eg får laga ein instruktiv video. Eg må berre heim frå Krakow først.
Vi snakkast! Eg gler meg, i alle fall!